Eg skal fortelje om min eigen dialekt, altså trøndersk. Du har forskjellige sosiolektar og geolektar innanfor. I Trondheim kan vi høyre om personen kjem frå øvre Singsaker eller frå Tiller. Dei eldre snakkar også mykje finare trøndersk enn dei i vår generasjon. Viss vi bevegar oss utanfor Trondheim kan vi også høyre forskjell på dei som kjem frå Nord-Trøndelag, slik som far min eller dei frå ut-trøndelag. Da eg var mindre så hadde eg ein dialekt som var meir lik min far, mens eg no har ein klokkerein trondheimsdialekt. Med tanke på tonegangen vår så seier vi at vi tilhørar dei øst norske. Eg endar vokalane med apokope med jamvektsmål. Og seier ska vi kast, og ikkje skal vi kaste. Eg har også ein tjukk l som eg brukar i ord som sol. Eg brukar ikkje tjukk l med ending på rd, sjølv om det er eit trøndersk kjenneteikn. Dette trur eg er fordi eg bur e ein by, og ikkje i ein liten tettstad. Eg har også palatalisering i min dialekt. Eg seier mannj og kallj. Så eg brukar det i samanheng med nn og ll, også i endelsar. Som personleg pronomen seier eg sjølvsagt Æ, som ein ekte trønder. Som trønder brukar vi ikkje blaute konsonantar, og vi skarrar i alle fall ikkje på r! Vi seier itj med tanke på nekting, mens fintrønderar gjerne seier ikke. Eg seier eigentleg ikke tror eg, men eg vil ikkje vere noko fintrønder. Eg brukar apokope både i vanlege ord og i infinitivsendingar. Vi har jo også enkelte multietnolektar, men eg vil ikkje si at eg brukar nokon spesielle ord. Eg er meir på slang og ikkje på den typiske kebabnorsken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar